1,3 milliardar kroner til forskingsinfrastruktur
28 store prosjekt får no pengar til nye og oppdaterte laboratorium, utstyr, databasar og anna forskingsinfrastruktur. Dette vil komme forskings- og innovasjonsmiljø over heile landet til gode.
– No styrker vi infrastrukturen for forsking over heile landet. Denne milliardtildelinga er avgjerande for å at Noreg skal lykkast med omstilling, nyskaping og innovasjon. Sterk og moderne infrastruktur er ein stadig viktigare føresetnad for at norske forskings- og innovasjonsmiljø skal hevde seg i den internasjonale konkurransen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel
Til saman skal Forskingsrådet fordele 1,3 milliardar kroner. Dei har innvilga 20 prosjekt som skal etablere ny eller oppgradere etablert forskingsinfrastruktur. I tillegg får åtte forprosjekt midlar til å planlegge ny infrastruktur.
– Norske forskingsmiljø, både i akademia og næringslivet, får på denne måten høve til å flytte forskingsfronten og styrkje konkurransekrafta med tilgang til dei beste laboratoria, utstyra og databasane. Vi er veldig glade for no å kunne setje desse pengane i arbeid, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Pengar til utstyr for hjerneforsking, utvikling av medisinar, tungrekning og vindkraft
Det er stort spenn i prosjekta som no får pengar, her er nokre eksempel:
NTNU og Kavli-instituttet skal forbetre og utvikle deira leiande nevrovitskapelege teknologi og utstyr. Infrastrukturen blei etablert i 2012 og har blitt forbetra med jamne mellomrom. Han er unik både i Europa og i Noreg, og investeringane over tid har bidratt til høg vitskapeleg kvalitet og ein Nobelpris i 2014. No trengst oppgradering for å framleis kunne presse dei vitskapelege grensene og halde fram arbeidet med å omsetje nye funn til klinisk bruk. Nytt er mellom anna tenester for nevrovitskapeleg datadeling, som vil kople den norske infrastrukturen for hjerne- og hjernerelatert forsking til den europeiske.
Oslo universitetssjukehus skal investere i ny infrastruktur for å utvikle medisinar basert på gen, vev eller celler. Dette er eit felt der Noreg har eit svært sterkt fagmiljø, men no trengs investeringar for å sikre at vi framleis kan ligge i front. Infrastrukturen skal gi akademia og industri tilgang til avanserte fasilitetar for å utvikle og produsere nye medisinar. Dette skal bidra til å skape betre samsvar mellom behova i forsking, næringsliv og helsetenestene.
Sigma2 får støtte for å vidareutvikle sine tenester innanfor e-infrastruktur. Dei er ein nasjonal og generisk leverandør av tungrekning, arkivering og lagring, inkludert sensitiv data, med brei nasjonal interesse. Sigma2 sine tenester er avgjerande for all anna forskingsinfrastruktur i Noreg. Dei samarbeider tett med dei fire største universiteta i Noreg. Sigma2 har ansvaret for å skaffe, drifte og utvikle den nasjonale infrastrukturen. Dei er òg sentrale i det internasjonale samarbeidet om tungrekneressursar.
Norges geotekniske institutt får støtte til infrastruktur for å fundamentere botnfaste og flytande vindturbinar, i tillegg til infrastruktur knytt til å samle inn data og gjere dei tilgjengelege. Dette er viktig for å lykkast med dei nasjonale ambisjonane om rask realisering av havvind. Det finst i dag ingen forskingsinfrastruktur på vind. Dette trengs – vindkraft er eit av de høgast politiske prioriterte områda innanfor norsk energiforsking. Å overvinne geotekniske og miljømessige utfordringar er avgjerande for å møte strenge kriterium for tryggleik, kostnadseffektivitet, berekraft og pålitelegheit.
Slik er søknadene behandla
Forskningsrådet lyser ut midlar til forskingsinfrastruktur annakvart år.
I første runde av søknadsbehandlinga vurderer internasjonale fagekspertar i kva grad forskingsinfrastrukturane kan bidra til forsking av høg vitskapleg kvalitet. Vurderinga til fagekspertane er rådgivande for Forskingsrådets vidare behandling av søknadene.
I andre runde vurderer Forskingsrådets administrasjon den nasjonale betydninga av infrastrukturane slik ho er definert i områdestrategiane i Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur og kva for ein strategisk relevans infrastrukturane har ut frå norske forskingsprioriteringar.
Innstillinga blir lagd fram for Forskingsrådets porteføljestyre for forskingssystemet. Dei kvalitetssikrar søknadsbehandlinga og vedtek tildelinga.
– Prosjekta som no får støtte har fått omfattande vurdering av internasjonale fagekspertar. Prosessen er grundig gjennomgått av eit svært kompetent porteføljestyret. Vi er svært nøgde med at så mange gode infrastrukturar med stort strategisk potensial for norsk forsking no får finansiering frå Forskingsrådet, seier Sven Stafstrøm i porteføljestyret for forskingssystemet. Stafstrøm har lang erfaring frå feltet mellom anna som tidlegare generalsdirektør av Vetenskapsrådet i Sverige.
Prosjekt som blir inviterte til forhandlingar
Legg merke til at vi berre opplyser om beløpet kvart enkelt prosjekt har søkt om. Endeleg tildelt beløp blir avgjort i forhandlingar mellom Forskingsrådet og kvart enkelt konsortium, og vil i dei fleste tilfelle vere lågare enn beløpet det er søkt om.
Søknader som gjeld etablering/oppgradering av forskingsinfrastrukturar
Prosjekt |
Søkjarinstitusjonar
|
Søkt beløp |
Norwegian Plant Phenotyping Platform (PheNo) |
NMBU, UiO, UiT, NIBIO, NTNU |
83 134 |
ELIXIR4 - OpenLifeScience - Enabling Open Life Science in Norway |
UiB, Veterinærinstitutt, UiO, UiT, NMBU, NTNU, FHI |
125 481 |
E-INFRA 2023 - A National e-infrastructure for Science* |
SIGMA2 AS, NTNU, UiB, UiO, UiT |
199 740 |
Norwegian Infrastructure Platform for Foundation Technology Research in Offshore Wind |
NGI, AKVAPLAN-NIVA AS, OSLOMET, MARIN ENERGI TESTSENTER AS, NIVA, NTNU |
89 556 |
ECCSEL-Enhancing Norwegian Capabilities |
SINTEF Energi AS, IFE, STIFTELSEN NORSAR, ECCSEL EUROPEAN RI CONSORTIUM, SINTEF AS, NTNU |
113 475 |
Sustainable Processes Advancement from Norwegian Research: an integral Bio-, Thermo-, Electro- chemical effort (SUPRANO) |
SINTEF AS, RISE PFI AS, SINTEF ENERGI AS, NMBU, NTNU, NIBIO |
49 704 |
Sustainable Transition for the Norwegian Infrastructure for Multiphase Flow |
IFE |
13 069 |
EPOS-Norway – Research Infrastructure for Geohazards |
UiB, UiT, NGU, NORSAR, NGI, NORCE |
123 244 |
ATMP Norway. A multi-nodal infrastructure for Advanced Therapy Medicinal Products in Norway |
OUS, HELSE BERGEN HF, UiO |
74 218 |
Norwegian Brain Initiative (NORBRAIN) – a large-scale infrastructure for 21st century neuroscience: Stage 4 |
NTNU, UiO, UiB |
104 636 |
Norwegian research infrastructure for web data |
NB, UiO, UiT, NR |
28 691 |
Norwegian diachronic corpus 200–1814 |
UiO, HØGSKOLEN I ØSTFOLD, UiB, NTNU |
22 900 |
Infrastructure for Norwegian Earth System modelling phase 2 (INES2) |
NORCE, CICERO, MET.NO, NERSC, UiB, NILU, UiO |
128 129 |
NORMAR-II Upgrade of the Ægir 6000 ROV-system |
UiB, HI |
67 157 |
Integrated Carbon Observation System (ICOS) Norway and Ocean Thematic Centre (OTC), phase 3 |
NORCE, NILU, NIBIO, NIVA, UiB, NPI, CICERO |
153 676 |
The Norwegian Micro- and Nanofabrication Facility IV |
NTNU, USN, SINTEF AS, SINTEF DIGITAL, UiO |
191 700 |
Swiss-Norwegian Beamlines (SNBL) at ESRF 2025-2028 |
NTNU, UiB, UiO, IFE, UiS |
64 521 |
NcNeutron-2 Norwegian Center for Neutron Research - phase 2 |
IFE, UiO, NTNU, Paul Scherrer Institut, UiS, STIFTELSEN SINTEF |
33 500 |
Norwegian Open Laboratory for High-Throughput Experimentation and Scale-up |
UiB, NTNU |
96 362 |
Coordinated Online Panels for Research on Democracy and Governance |
UiB, NTNU, UiA, SIKT, UiS, INSTITUTT FOR SAMFUNNSFORSKNING, UiO, UiT, NORCE, OSLOMET |
58 595 |
*Inkluderer midler til nordisk Tier-1 for 2025
Søknader som gjelder forprosjekt
Forprosjekt |
Søkjarinstitusjonar |
Søkt beløp |
National proton therapy research infrastructure |
OUS, UiT, UiB, HVL, Helse Bergen, NTNU |
2 000 |
Pre-Project for a National Rock Art Research Infrastructure (ImAge) |
UiB-museet, NTNU, UiS, UiO, VERDENSARVSENTER FOR BERGKUNST- ALTA MUSEUM IKS |
2 000 |
Infrastructure for Sámi metadata enrichment and access to Sámi photographs and audiovisual collections |
Arkivverket, NB |
2 000 |
Membrane Centre for Sustainable Water |
NMBU, NASJONALT SENTER FOR VANNINFRASTRUKTUR AS, NIVA, SINTEF AS, AQUATEAM COWI AS, NTNU |
1 800 |
ESSENTIAL minerals and metals for sustainable and circular growth |
IFE, UiS, NMBU |
2 000 |
Learning Analytics Infrastructure: Infrastructure for data-driven research and practice in higher education and workplace learning |
UiO, NTNU, UiB |
2 000 |
Growing Up in Digital Europe – preparation in Norway (GUIDEPREP-NOR) |
NTNU, Dronning Mauds minne høgskole for barnehagelærerutdanning, UiS, FHI, UiB, Regionsenter for barn og unges psykiske helse, NTNU samfunnsforskning AS, Inst. For samfunnsforskning |
2 000 |
Research infrastructure for technology-supported crisis management |
UiA, HINN, USN, NORD Universitet |
2 000 |
Rangert reserveliste
Prosjekt | Søkjarinstitusjonar | Søkt beløp |
A Norwegian Argo Infrastructure - a contribution to the European and global Argo infrastructure (NorArgo3) | HI, NORCE, AKVAPLAN-NIVA AS, MET.NO, UiB, NERSC | 90 510 |
National network for Advanced Proteomics Infrastructure phase 2 | UiO, NTNU, UiB, UiT, NMBU, OUS | 85 000 |
National Laboratories for Reservoir and Geoenergy Research | NORCE, UiB, UiS, IFE | 122 955 |
Aquafeed Technology Centre Phase II | NOFIMA, UiB, NORCE | 76 681 |
Integrated fjord and ocean full-scale laboratories | NTNU, SINTEF AS, SINTEF DIGITAL, SINTEF OCEAN AS, UiT | 65 307 |
G3 2.0 - Empowering the Energy Transition through Enhanced Subsurface Imaging | UiT, VOLCANIC BASIN ENERGY RESEARCH AS, NGU, UiB, UiO | 21 274 |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. november 2024, kl. 00.05 CET